Inntog i Bergen
Det var liten tvil om at det var høge forventningar til denne kvelden, der vestlandets hovudstad skulle leggjast under The Underground Tour sine vinger. Tre smånervøse band sat kvelden før og funderte over om dei hadde skrudd forventningane opp eit hakk for mykje. Det skulle vise seg at det hadde dei ikkje gjort.
Fredag føremiddag møttes gjengen for å forberede det som skulle bli ein fantastisk kveld. Opprigg og lydprøve sto for dør med nye lydmenn som stilte sporty opp. Eg vil difor først bruke nokre ord på å takke Erik Henden Aaraas og Anders Aga Ulvestad som gav vekk dagen sin!
Etter lydsjekk var den ein meget utolmodig gjeng som venta på å få sleppe til på Inside, for å sjå om det kom folk i det heile. Det var difor fantastisk å sjå at lokalet var oppfyllt tett før konsertstart. Første band ut var Samora, som grunna sjukdom spelte eit kort alternativt sett som besto av The Fray og ein ny hit som vart komponert berre dagar før. Som om dei ikkje hadde gjort noko anna, etablerte Samora god stemning blant publikum.
Andre band i ringen var Cage of Torment, som i kjend stil leverte musikk av det brutale slaget. Publikumet som våga seg forran scena risikerte liv og lemmar i «moshpitten», men alle gjekk heldigvis ut med mindre skadar.
Metalfolket hadde verkeleg fått servert si dose, no var det Punch sin tur til å levere rock til de etterlatte etter Cage of Torment. Noko som var ei meget stor fryd!
Det vart fort konkludert etter konsertane at dette hadde vore ein fantastisk minneverdig kveld, og festen vart tatt med vidare i dei seine nattetimar.
The Underground Tour vil med dette veldig gjerne takke ALLE som var med å gjere kvelden til ein suksess, dykk e fantastiske!
No tek vi ein aldri så liten påskeferie før vi er tilbake på Sandane den 12. april. Til informasjon måtte vi dessverre flytte datoen for Os, og vi kjem tilbake med ny dato snarast. Skal også få slengt ut nokre fleir bilete frå Bergen på bloggen så snart desse er på plass. Ha ei finsefin påske!
-Niklas
Legg att eit svar