Punch, Samora og Cage of Torment

Undergrunnslokomotivet rullar avgårde.

Fredag 16. mars rulla undergrunnslokomotivet avgårde frå sin første stasjon, Haffen i Florø. Det vart ein meget bra kveld, og ein perfekt start for vår ferd gjennom vestlandet.

Grunna sjukdom var Cage of Torment og Punch nødt å klare seg utan Samora ved turnestart. Som erstatning hadde vi med oss ikkje mindre enn 5 band frå ungdomshuset Haffen, som alle gjorde ein heiderlig innsats. Det varma godt å sjå at det fortsatt spirar i bandmiljøet både Cage of Torment og Punch klimpra sine første tonar.

Bandet Click feirar merkelig nok utført konsert med iskake og kokkosnøtt.

Etter banda frå Haffen var ferdig, gjorde folk seg klar for kveldens mest brutale akt, Cage of Torment. Alle elementa fra ei godkjend metaløkt var høgt representert, og det er lite tenkeleg at publikum ikkje våkna opp med vonde nakkar dagen etter. Frontmann Kristian hadde publikum i si fulle hand, og kommanderte tilskodarane til «moshing».

Frontmann Kristian ville også være med på leiken.

Etter Cage of Torment fekk Punch i oppdrag å hale ut den  siste energien som var att hos dei frammøtte. Dette var inga lett oppgåve, men publikum var klare for meir, og fekk servert saftig rock på sølvfat.

Etter konserten var det ingen av gjengen frå undergrunnsreisa som var begeistra over at det var ei heil veke til neste runde. Vi er difor meget klare for å levere våre utsøkte varer i Bergen.

Vel møtt på Inside!
-Niklas

Har sneke inn eit sabla flott biletgalleri under!

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s